Smaken av Sunnfjordlivet

Eit ønske om meir ro i kvardagen og eit interessant jobbtilbod fekk Amalie til å forlate hovudstaden. No skal 24-åringen teste det Sunnfjord har å by på.

Dato

– Eg visste veldig lite om Sunnfjord før eg flytta hit. Eg har ei god venninne som er frå Førde, men eg følte ikkje at eg måtte grille ho for informasjon før eg tok valet. Det er jo berre å teste, seier Amalie Solem.

Det er knapt gått tre månadar sidan ho bytta ut kollektivlivet midt i Oslo med ny adresse i Førde. Likevel har ho allereie rukke å få eit godt innblikk i livet i Sunnfjord.

– Sunnfjord er jo eigentleg litt som eg hadde sett for meg. Det som overraska meg mest, er at det er så mykje å finne på her. Det er mykje meir tilbod enn eg trudde.


Ho trekkjer fram butikkar, kafear, restaurantar og lokale møteplassar, i tillegg til eit breitt utval fritidsaktivitetar. Men mykje av det Amalie gler seg til å oppleve, har ho faktisk vore nysgjerrig på sidan før ho flytta.

Frå idé til verkelegheit
Ein del av intervjuprosessen til den nye jobben var å lage ein kampanje knytt til destinasjonar i Sunnfjord. Det blei første møte med fleire av opplevingane regionen har å by på.

– Allereie då oppdaga eg Jølstraholmen, båtturar på Jølstravatnet og Erketunet. Eg drøymde meg vekk til fleire av saunaene som er plassert rundt omkring, og fekk lyst til å teste ut både Lille Marked i Florø og Leonards Forlaavelse i Fjaler.

Så kom jobbtilbodet.

– Eg blei skikkeleg glad då dei ringte, og var ikkje i tvil om å takke ja.

Det var Sunnfjord Utvikling som satt på andre sida av intervjubordet. Dei var på jakt etter ein trainee gjennom Framtidsfylket sitt traineeprogram. Ei stilling som var midt i blinken for Amalie.

Med bachelor i medier og kommunikasjon frå Universitetet i Bergen, master i same fag frå Universitetet i Oslo og erfaring frå mellom anna Flyktninghjelpen og Festspillene i Bergen, hadde ho både kompetansen og interessa dei såg etter.

No skal ho bruke den kreative og visuelle bakgrunnen sin til å jobbe med prosjekt knytt til mellom anna lokalmat og reiseliv.

Full rulle i riktig tempo
Amalie hadde budd to år i Oslo då ho byrja å kjenne på ønske om noko anna.

– Eg kjende på eit høgt tempo og var open for å roe litt ned. Eg hadde lyst på meir nærleik til tur og fjell, og etter utdanninga var eg uansett open for å flytte på meg.

Det betyr ikkje at ho har bytta ut eit hektisk liv med eit kjedeleg eitt. Tvert imot.

– Det har eigentleg vore full rulle heile tida. Mange lærerike og kjekke prosjekt på jobb, og fleire aktivitetar på kveldstid.

Den store forskjellen er tid.

– Det er så korte avstandar til ting her, og då får eg gjort så mykje meir! No brukar eg berre eit par minutt til jobb. Det betyr at eg totalt sett har meir tid til aktivitetar på fritida.

Ho ler når ho fortel om alt ho allereie har kasta seg ut i.

– Ho eine eg bur med driv med hekling, så då fann vi ut at eg skulle lære det. Eg har litt å gå på der, men det er gøy å teste. Neste prosjekt er klatring. Og snart står også eit U40-arrangement på planen.

– Altså, nettverk som U40 er så gull for sånne som meg som flyttar hit heilt aleine. Eg har høyrt så mykje bra om arrangementa deira, og gler meg skikkeleg til å sjekke det ut. Å bygge eit nettverk frå botnen av er noko av det mest krevjande med å flytte til ein ny stad. Men også noko av det hyggelegaste.

Ho stoppar opp eit lite augeblikk.

– Kan eg få skryte litt av folka her?

Det får ho.

– Omtrent alle eg har møtt her har vore inkluderande og imøtekommande. Folk inviterer deg med på ting og dei er lett å bli kjent med. Det er absolutt ikkje mi erfaring at det er vanskeleg å komme innpå sunnfjordingane.

Samtidig meiner ho at ein må ta litt ansvar sjølv.

– Eg har hatt fokus på å seie ja til ting og ta initiativ. Det trur eg er viktig når ein flyttar til ein ny stad.

Amalie får verkeleg sett kva Sunnfjord-regionen har å by på gjennom jobben ho har. Her er ho på besøk hos Steinvik Fiskefarm i Eikefjorden.


Skal vise fram det som skjer
No skal Amalie ikkje berre teste Sunnfjord for sin eigen del. Ho skal gjere det som ein del av jobben.

– Det er jo så mange bra ting med Sunnfjord som få veit om. Også dei som kjem frå området! Ein del av jobben min er å vise dette fram.

Gjennom konseptet «Vi testar Sunnfjord» skal ho teste aktivitetar, restaurantar og arbeidsplassar – og dele opplevingane i korte filmar på TikTok og Instagram under sunnfjord.no-paraplyen.

For Amalie handlar det om meir enn å lage godt innhald.

– Det er så viktig å vise fram alt som skjer. Det er mange som har lyst til å teste ut å bu ein periode i distriktet. Kanskje dei til og med vil bli buande eit heilt liv. Men då må dei vite om moglegheitene som finst.

Ho veit sjølv kor mykje ein god presentasjon kan ha å seie.

– Eg hadde aldri vore i Sunnfjord om ikkje traineestillinga hadde poppa opp i feeden min, pakka inn i ein god tekst med fine og engasjerande bilde. Det viser at ein ikkje treng å vere frå Sunnfjord for å bli nysgjerrig på regionen.

For hennar del blei traineestillinga inngangsbilletten til Sunnfjord. Ho har førebels ingen planar om returbillett.