Oppleve Sunnfjord > Arrangement
Festivalar og folkefestar
Festivalar er den ultimate sommaropplevinga, men her er det alltid ein fest. Fra april til november kan du finne ein fest på dei mest uventa plassar. Dei fleste kjem til same tid kvart år, nokre annankvart. Desse er innan rekkevidde.

Foto: Christel Øen
Sommargry 5.-7.juni 2026
Sommargry i Hyllestad kickstartar sommaren med eit breidt spekter av aktivitetar og kulturarrangement i løpet av første helga i juni. Konserten i prestegardshagen laurdagen er ein av hovedattraksjonane..
Himmel og Hav 19.-21.juni 2026
I juni brakar det laust med Kinnaspelet, Sildebordet, Laksens Dag og Musikkfestival, alt same helg i Florø og på Kinn. Det kjem til å bli enno ein fargerik og sjarmerande festival …

Foto: South Coast Creative
Havblikk 26.-27.juni 2026
Reis ut i havgapet og opplev Havblikk musikkfestival på Fanøy utanfor Florø. Dette er ein intim musikkfestival der du kan oppleve både etablerte og nye artistar i spektakulære omgjevnader. Festivalen er lokalt forankra og bidrar til stoltheit, fellesskap og kulturliv i ytterkant av distriktet.

Foto: Førdefestivalen
Førdefestivalen 1.-5.juli 2026
Skandinavias største internasjonale festival for akustisk folkemusikk og verdsmusikk vert arrangert i veke 27 kvar år. Rundt 250 artistar frå heile verda har konsertar på 30 scener gjennom 90 ulike programpunkt, og kvart år kjem om lag 20000 besøkande. Sjekk også Førdefestivalen heile året.

Foto: NCT
Norsk Countrytreff 8.-12.juli 2026
Enten du likar tradisjonell honky-tonk eller nyare country, bør du få med deg Norsk Country Treff på idylliske Norsk Fjordhestgard på Breim i Gloppen. Festivalen er Noregs største og mest folkekjære countryfestival, og byr på eit stjernespekka program. Festivalen har eit legendarisk og livleg campingliv, og er kjend for den varme og opne atmosfæren.

Foto: Våt moro
Våt moro 9.-12.juli 2026
Havsportfestivalen er skapt og driven av lokale eldsjeler, for å skape leik og moro i eigen heimby, Florø. Her blir det grenselaus moro i ekstrem natur! Målet er å bidra til at festivaldeltakarane kan prøve aktivitetar som nyttar dei unike naturressursane som ligg rundt kystbyen Florø. Senter for dei fleste aktivitetane er Florø og Florevika.

Foto: BBF
Balestrand Badeklubb Festival 14.-15.juli 2026
Her kan du kombinere forfriskande fjordbading, med ein lun festivalstemning og eit stjernelag av kjende artistar i hagen til Balestrand Hotel. Festivalen oppstod i miljøet rundt Kjartan Lauritzen, Ka2 og Lemaitre. Du kan campe tett på fjorden og festivalområdet, og oppleve eit herleg og inkluderande bygdesamfunn.

Foto Malakoff
Malakoff festivalen 17.-18.juli 2026
Malakoff er ein musikkfestival som kvart år i veke 29 vert arrangert i vestlandsbygda Nordfjordeid. Malakoff har i over 20 år løfta fram og presentert ein solid miks av internasjonale, nasjonale og lokale artistar. Sjangermessig overvekt av rock i ulike former, men alltid i kombinasjon med andre aktuelle sjangrar innan populærmusikken.

Skjærgårdstreffet i Askvoll 18.juli 2026
Velkomen til ei helg fylt med musikk, aktivitetar og moro i hjartet av Askvoll! Skjærgårdstreffet er ein årleg festival der både lokalbefolkning og tilreisande samlast for å feire sommaren med gode opplevingar. Populært å komme sjøvegen sjølvsagt.

Foto: Utkant/Vedvik Studio
Utkant festivalen 23.-25.juli 2026
Festivalen starta som ei markering av at Konge-statuen, – den som eigentleg skulle stått på rådhusplassen i Oslo, endte opp ytterst i havgapet i Gulen. No blir den feira kvart år, med store artistnavn fra inn- og utland, i nydelege Skjerjehamn.

Foto: Teaterfestivalen i Fjaler/D.Zadig
Teaterfestivalen i Fjaler i september
Kvart år i september forvandlar Dale i Sunnfjord seg til ein scene for teater i alle former. Her deltar heile bygda så vel som folk frå heile landet, og ein kan trygt sei at Teaterfestivalen i Fjaler er ein møtestad mellom kunsten og bygda. Samtidig presenterer den scenekunst av høg kunstnarleg kvalitet. Festivalprogrammet inkluderer debattar, foredrag og varierte aktivitetar.

