Drøymer du om å starte for deg sjølv?
Gjennom inkubatorprogrammet til Aksello i Florø får gründerar rådgjeving, kontorplass og eit miljø der dei kan få idéen sin til å vekse. I dag er det om lag 20 bedrifter i programmet. Bue Salmon, Evoy, Retrams og Dimeq er mellom bedriftene som har vore med tidlegare. Inkubatoren er open for alle som vil utvikle ein ny idé eller få ei eksisterande bedrift til å vekse.
Ny teknologi og KI
I haust tok Aksello inn to nye teknologibedrifter.
– Begge selskapa ser store moglegheiter i bruk av ny teknologi, seier Trond Økland, som er konstituert inkubatorleiar i Aksello.
Den eine er DigiHome, med Njål Eliasson og Mathias Haugsbø i spissen. Dei utviklar ei KI-basert plattform som skal gjere kvardagen enklare for utleigarar og forvaltarar av bustader.
Dei opplevde det som unødvendig komplisert å leige ut bustad i Bergen. Difor bygde dei eit system som tek seg av rutinane. Annonsen blir skriven, kontrakten blir signert med BankID, husleiga blir følgd opp, og sakene hamnar hos rett person. I dag brukar både private bustadeigarar og eigedomsselskap DigiHome.
Les meir om DigiHome her.
Teknologi som forebyggjer skadar
Den andre bedrifta i inkubatorprogrammet er Ytir, som har vore med i inkubatoren før og no kjem tilbake med eit breiare konsept.
Teamet, med Stein Asle Øvrebotn som leiar, utviklar ei løysing som gjev innsikt i arbeidsbelastning og risiko for muskel- og skjelettplager. Ved å samle inn og visualisere data kan bedrifter betre arbeidsprosessane sine, førebyggje skadar og finne nye moglegheiter innan robotisering og energisparing.
Les meir om Ytir her.
