Toppbilete: Ida Eim, Fjordkysten og Sunnfjord
Selskapet Vestavin AS gjekk konkurs i januar 2026 etter sju års drift, men Camilla Aasen eig framleis garden og varemerket. No har ho starta opp att. Ho bygger vidare det ho starta på ein meir berekraftig måte. Camilla har framleis trua.
– Felles for alt eg har gjort, er trongen til å utforske. Eg har stadig hatt idear til ting eg har hatt lyst å prøve, seier Camilla Aasen.
Ho har vokse opp på Jølster med ein familie som ho skildrar som ein typisk «hauste, sanke, plukke»-familie. Pølser, flatbrød og syltetøy blei laga frå botnen av. Det var lenge sidan ho hadde budd heime, men i 2014 flytta ho tilbake til foreldra fordi ho var blitt praktikant på Nynorsk Avissenter i Førde. Mellom ripsbusker, solbær, nype og rognebær i hagen, blomstra det fram ein ny idè for Camilla. Fruktvin.
Kjem ingen veg utan pengar
Praktikantopphaldet i Sunnfjord tok slutt og Camilla flytta tilbake til Bergen. Ideen modna, og i 2018 flytta ho tilbake til Jølster. Ho skulle gjere alvor av draumen, og Vestavin AS blei oppretta. No måtte ho finne finansiering.
– Du kjem ingen veg utan pengar. Det kostar å starte noko nytt. Du skal ha råd til å dekke bedrifta sine utgifter, men også dine eigne. Det gjer det nok til ein terskel for mange å starte opp ei bedrift, forklarar ho.



Pengar styrer retninga
Camilla fekk støtte frå næringsfondet til Sunnfjord Utvikling til eit forprosjekt i 2019. Same år søkte ho om marknadsavklaringspengar frå Innovasjon Norge. Dei fekk ho. I 2021 fekk ho også innvilga søknaden om kommersialisering og vidareutvikling av forretningsmodellen (fase 3) hos Innovasjon Norge.
– Desse pengane har gjort det mogleg å gjere det eg gjer. Dei var heilt avgjerande for å komme i gang. Det blir sett krav til kva ein kan bruke pengane på, noko som også bidreg til å styre bedrifta i riktig retning. Du blir til dømes pressa til å fokusere på marknadsavklaring i starten og ikkje berre produksjonsutstyr. Det kan vere frustrerande, men det er òg ei nyttig øving.
Lære i fellesskap
Camilla har delteke på etablerarkurs med Innovasjon Norge, kurs for små og mellomstore bedrifter i regi Skatteetaten, Kapitaldag, og gründerkurs i regi Kunnskapsparken.
– For meg har det vore gull med slike kurs og nettverk. Du er der saman med andre i same situasjon. Sjølv om vi ikkje er innanfor same bransje, kan vi likevel lære mykje av kvarandre.
Likevel om ho har delteke i mange nettverk og fått innvilga fleire søknadar, meiner ho at det har vore utfordrande å få oversikt over støtteordningane.
– Spesielt i starten var det vanskeleg å finne ut kva eg kunne søke på. Det var uoversiktleg, vil eg seie. Heldigvis har eg jobba som journalist og veit at det berre er å spørje seg fram. Det trur eg er viktig for å lykkast, og eit godt tips til dei som vil starte opp noko.

Foto: Ida Eim, Fjordkysten og Sunnfjord
Fyll på kompetansen
Basert på eigne erfaringar, meiner Camilla at det er lurt å bruke tid og krefter på å sette seg inn i det som finst av støttemiddelapparat.
– Tenk nettverk med ein gong, då får du mykje «gratis». Ta kontakt med nokon som driv med det same. Det er viktig å ikkje stå heilt aleine. Plutseleg skal du lære deg alt frå økonomistyring, styrearbeid og personalansvar. Då kan det vere lurt å melde seg på eit kurs, sånn at det blir orden i sakene frå starten av.
Den første millionen
I 2024 passerte Vestavin ein million i omsetnad, men der stoppa det opp. Camilla seier ho ikkje kom seg vidare frå det punktet.
Selskapet hadde ein emisjon i 2021 der Camilla fekk med investorar. Ifølge ho sjølv var det heilt avgjerande for å halde fram. Men for å kunne auke kapasiteten vidare måtte ho hente inn nye friske midlar, og det lukkast ho ikkje med i 2025.
– Pengar er på ein måte blodet i bedriftsorganismen. Du må ha det, og det må flyte. Så enkelt er det. Om ein skal gjere det lettare for folk å skape i Sunnfjord, må ein gjere pengar meir tilgjengeleg.
Etter konkursen i januar 2026 er Camilla framleis vinbonde. Nytt aksjeselskap er etablert – Ystebakken AS. Det handlar framleis om produksjon og sal av fruktvin og andre drikkevarer, landbruksproduksjon og gardsturisme. Men erfaringane påverkar prioriteringar og løysingar framover. Ho har måtta leite etter nye måtar å drive på.
