Siden den gong har kvardagen vore fylt med oppussing, familieliv og mykje humor. Under navnet «The Forgotten Farm» deler dei oppussingsreisa og livet rundt denne med eit stort publikum på YouTube, Facebook og Instagram.
Oppussingsprosjektet
Både Jarle og Elin arbeider for tida i ambulansen, der dei jobbar nokre døgn om gongen, for deretter å gå ut i lengre friperiodar.
«Friperiodar» er kanskje ikkje heilt rett ord. Desse periodane går nemleg med til å pusse opp dei to husa du ser på biletet nedanfor. Og her handlar det om langt meir enn maling og pussing.
Paret er no i full gang med å restaurere taket på hovudhuset. Her gjenbruker dei skiferstein, og har fått støtte fra Kulturminnefondet. Under oppussinga er dei opptekne av å ta vare på mest mogleg av det originale materialet, og trekkjer særleg fram det flotte tømmeret inne i dei 200 år gamle bygningane.
I hovudhuset som familien planlegg å bu i (i midten av biletet), held dei no på å opne opp tømmerveggen på baksida av huset for å byggje seg om lag 10 meter utover. – Her ser vi for oss kjøkken med kjøkkenøy og ei flott stove på enden, fortel Jarle.

Bilete av garden på Hestad. Foto: privat
– Kva er planen i andre etasje?
Elin og Jarle ser på kvarandre og smiler.
Heile toppetasjen har dei nemleg lova vekk til ungane.

– Dei vil få soverom på storleik med ei leilighet i Oslo kvar, seier Jarle og ler.
Får enorm respons
For litt over eit år sidan byrja dei å dele oppussingsreisa på YouTube under namnet @theforgottenfarm. Dei siste åra har dei også teke i bruk sosiale medium som Instagram og Facebook.
Her er dei opptekne av å vise fram både det dei får til og det dei lærer undervegs, men også dei gongene prosjektet tek ei anna retning enn planlagt.
– Vi deler framgangen, men også det som ikkje går etter planen, seier dei.
Dei ærlege klippa, med glimt frå oppussing, kvardags- og familieliv, og ein stor dose humor slår tydeleg an: fordelt på dei ulike kanalane har dei i overkant av ein million visningar i månaden.
For Jarle og Elin er det gøy å sjå at folk engasjerer seg for prosjektet deira, men sosiale medium er òg ein praktisk ressurs kor dei kan hente tips og triks frå følgjarane sine.
– Vi får veldig mange gode tips, og vi kan nå ut til mange når vi lurer på noko. Så sosiale medium er heilt supert for oss i vår situasjon, fortel Elin.
– Og ikkje minst når vi på sikt ønskjer å byggje opp ein litt spesiell type turisme, legg Jarle til.
Det er allereie fleire som har uttrykt eit ønske om å kome på garden og besøkje dei. Og dei har nettopp hatt besøk av ein familie frå Canada, som har sagt at dei veldig gjerne kjem tilbake igjen.
Ønskjer framtidig turisme på garden
I «Nilsbua», eitt av dei to husa dei pussar opp, har Jarle og Elin nemleg lyst til å tilby ein heilt spesiell overnattingsoppleving. Her ser dei for seg at gjestene skal bu, med kjøkken- og stoveløysing, eige soverom og bad.
Planen er at folk skal kunne kome på besøk og bu i lag med familien, gjerne over ei periode på nokre dagar der dei kan vere med og oppleve livet på garden.
– Vi har mellom anna lyst til å starte grønsakshage. Kanskje vi kan gå ned og plukke nokre gulrøter og poteter, og lage betasuppe i lag? Undrar Elin og smiler.

«Vi har litt trua på at folk ønskjer det som er ekte og kunne berre roe heilt ned.
Det er det som er planen her»
Vegen vidare
Paret har ein frist knytt til buplikta sommaren 2029.
– Det høyrest ut som det er lenge til, men det går fort unna! Fortel dei.
Dei er spente på vegen vidare, og kjem til å halde fram med å dokumentere reisa på YouTube. Videoane deira finn du her.
