Vil utvide forteljinga om bygda

Vi må slutte å bli overraska over kor mykje som skjer på bygda, var det nokon som sa på eit av arrangementa under Teaterfestivalen i Fjaler – Då kjende eg kor einig eg er i det, fortel Tora Hope.

Dato

Tora budde saman med mannen sin i ei 25 kvadratmeter stor leilegheit på Grünerløkka i Oslo, då koronaen kom. Ho jobba som kommunikasjonsrådgjevar, og det vart raskt heimekontor for alle. I tillegg var Tora gravid, og då ho gjekk ut i permisjon bestemde dei seg for eit prøveår heime i Dale.

– Vi kunne jo sjå om det fungerte for oss. I byen var det som å leve i eit vakuum, den første delen av koronatida. I Dale kunne vi bevege oss friare, vere med familien.

Så dukka det opp ei ledig stilling som kommunikasjonsrådgjevar på Røde Kors Haugland Rehabiliteringssenter, i Flekke.

– Eg hadde vore veldig spent på kva type jobb eg kunne få her heime, tenkte på om eg ville orke å pendle til Førde. Tora fekk jobben og trivdest godt.

Samtidig hadde ho hatt litt tid til å tenke på kva ho ville ha gjort om ho kunne velgje heilt fritt. – På dette tidspunktet hadde eg begynt å irritere meg over korleis bygda blir beskriven, fortel Tora. Den blir som regel forklart frå utsida, og ikkje frå innsida. Eg hadde også lyst til å få brukt heile utdanninga mi i større grad.

Samfunnsgeograf?

Tora er utdanna journalist og samfunnsgeograf. Det siste der treng ei forklaring, og Tora fortel at det er eit studie i stader, korleis dei blir som dei blir, og samspelet mellom menneske, natur og samfunn. Ein ser på dei store linjene i samfunnsutviklinga,  frå lokale til globale tilhøve.

Mange av dei som går dette studiet, blir byplanleggarar eller stadsutviklara. Men Tora valde ein annan retning, og studerte samanhengen mellom individuell endring og samfunnsendring. Masteroppgåva handla om korleis lokalaviser skreiv om klima- og miljøendringane, og i kva grad dei knaut lokale saker til det globale biletet. 

– Eg hadde lyst til å få fram meir mangfaldige og interessante forteljingar og røyster enn dei vi får mest av, og utvide medieoffentlegheita frå bygdene med noko anna, i tillegg til Facebookgrupper og lokalaviser, forklarer Tora.

Funderingane resulterte i ein telefon til Rakel C.W. Solheim som er dagleg leiar i Jakob Sande – senter for forteljekunst. Der ho la fram ideen om å starte eit tidsskrift. – Rakel bearbeidde den luftige ideen min og gjorde den verkeleg.

Rakel starta opp eit redaksjonsråd, søkte midlar og fekk det frå Sparebankstiftinga i Fjaler, og så var dei i gang. Våren 2023 lansert Jakob Sande – senter for forteljekunst det nye tidsskriftet under namnet JaJa. Namnet kjem frå den lokale talemåten der ja, ja både kan fungere som starten på ein samtale og ei avslutning.

– Det er noko med folka og kulturen her som gjer at det kan gå an å komme med ein ide, og så blir den realisert. Dei har erfart at det går an.
På Haugland Rehabiliteringssenter er dei opptekne av meistring i eige liv. Kanskje er det noko der også.

Rakel Wilhemsen Solheim og Tora Hope på kontoret i Klokkargarden i Fjaler.

Tora er oppteken av at vi må ta bygder på alvor som komplekse samfunn, og at vi som bur på små stader må snakke for oss sjølve.

Difor er Tora også oppteken av at vi skal fortelje dei ekte og ulike historiene. I Essayet Livet på bygda er som ein abstrakt samtidsdans, skriv Tora at kva som kjenneteiknar ein stad, avheng av kven du spør. I merkevarestrategi til Sunnfjord Utvikling har sunnfjordingen fått profilen «entusiasten». «Ekte, entusiatisk og handlekraftig. Slik skal sunnfjordingen framsnakkast framover» skriv Firda frå lanseringa. Men Tora spør seg sjølv; består ein stad av folk som kan tale med ei stemme og ose av same entusiasme? Tora meiner tvert imot. Stadar består av myriadar av ulike folk med sine ulike stemmer.

Sidan hausten 2024 har Tora jobba som fagutviklar og redaktør i Jakob Sande – Senter for forteljekunst. Ho jobba tett med dagleg leiar Rakel, Margrethe Reisæter og Liv Hege Skagestad.

Rakel er stolt over Tora sitt arbeid med Tidsskriftet Jaja.  – Det har blitt eit viktig og godt tidsskrift som samla både nye og etablerte stemmer under eitt.

Tett program

Dale i Sunnfjord er absolutt det ein kan kalle ei levande bygd. Bygda har eit aktivt og kreativt kunst- og kulturmiljø. Her har kultur vorte næring og arbeidsplassar. Sandesenteret er eit av fleire selskap som arbeider profesjonelt med kultur og kunstproduksjon. Dei spelar på lag med Teaterfestivalen i Fjaler, kunstproduksjons-selskapet PreForm, Norsk Kunstnarsenter Dale (NKD) og det nyaste tilskotet, Nikka Vonen venelag.

I løpet av året har Sandesenteret aleine, om lag 70 arrangement som bygda og tilreisande kan nyte godt av. Det stressar ikkje Rakel og Tora. – Vi programmerer mykje ut frå eit tema. I år har temaet vore kvinna. Då ser vi på korleis vi kan få fram dei allsidige forteljingane om kvinner, og løfte forteljingar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Funna vart presenterte under Fest i Fjaler.

I sommar hadde dei fire sommarvertar som heldt ope, tok omvisingar i tunet og drifta den koselege krambua (gamle skulestova). Dei tek også imot store grupper som får omvising, mat og allsong i Løa. I sommar hadde dei også 3 bryllup i tunet. Så var det Sommarakadeemiet og Fest i Fjaler i august.
I september braka den 14. Teaterfestivalen i Fjaler laus, med sånn ca. 100 arrangement ein kunne velge mellom. Festivalkonseptet HEIME@Rivedal der ein går frå konsert til konsert i heimane til folk, vart arrangert for andre året på rad, og er i ferd med å bli ein favoritt for mange.

Bildet er frå løa i Klokkargarden, denne gangen brukt av Teaterfestivalen i Fjaler.

Foto: Teaterfestivalen i Fjaler/David Zadig

Foto av Tora: Grønn Byggallianse/Inge Trondsen