Ein stad å utvikle seg

Amalie er 32 år gamal, sambuar og bur i Dale der ho er oppvaksen. Heimekjær som ho er, kom ho heim igjen etter studiar ved Høgskulen på Vestlandet. Med seg hadde ho ein bachelor i energiteknologi, og etter kort tid vart ho tilbydd eit vikariat i Norconsult. Eit halvt år seinare fekk ho fast stilling.

Dato

– Eg søkte eigentleg aldri jobb i Norconsult fordi eg visste at dei såg etter folk med mastergrad, men det var absolutt ein plass eg ønska å jobbe, fortel Amalie Myklebust. No jobbar ho med prosjekt innan fornybar energi, og det var den retninga ho ønska å gå når ho valde studiet.

– I Norconsult har eg utvikla meg vidare og fått fleire roller i prosjekt. 


Det var hennar tidlegare handballtrenar, dagleg leiar i Pecom Jonny Pedersen, som hadde fått med seg at ho var tilbake, og som tilbydde henne vikariatet. Eit halvt år seinare fekk ho fast stilling.

Fekk raskt ansvar

I byrjinga jobba ho mest med prosjektstøtte, administrasjon og «support» i prosjekt- og kontraktstyringsverktøyet UnoSys. Dette systemet utvikla Pecom i lag med Lyse Produksjon, for å understøtte eigen arbeidsmetodikk. – Og så jobba eg med diverse planlegging, koordinering og oppfølging av ulike aktivitetar i prosjekt, fortel Amalie.

I 2021 vart Pecom ein del av Norconsult. – I Norconsult har eg utvikla meg vidare og fått fleire roller i prosjekt. Avdelinga i Flekke blir kalla PEX for Project Execution.
– Prosjekta som vi køyrer er store, komplekse prosjekt som går over fleire år og i ulike fasar, forklarer Amalie. I desse prosjekta har eg roller som kvalitetsleiar, HMS- og risikoleiar, anskaffingsleiar og kontraktansvarleg. Eg har også vore med på byggeplassleiing, samt planlegging og oppfølging av systematisk ferdigstilling.

Testing testing

Vi har fått følge Amalie Bjørvik Myklebust ei veke, på jobb i Norconsult. Akkurat denne veka har ho som kontraktsansvarleg vore på testing av utstyr hjå leverandør i Finland. Leveransen inkluderer 12 transformatorar til ein transformatorstasjon som skal forsyne eit datasenter.

«Turen til Finland i går gjekk ikkje heilt etter planen»

Mandag

Forseinka fly i går, gjorde at eg ikkje rakk flyet mitt vidare. Med nytt fly 12:30 i dag, kom eg litt seint til fabrikken og til dagens testing. Det blei likevel ein lang dag, for vi pakka i hop ca. 23:30 og var på hotellet litt før midnatt.

No er det transformator nr 3 vi testar. Vi gjer mykje simuleringar der verdiar og grafar blir vist på skjerm, og vi noterer og kommenterer resultat. Vår rolle på slike fabrikktestar er å observere og kontrollere at testresultata er i samsvar med krava i kontrakten, godkjent prosjekteringsunderlag frå leverandøren og relevante lover og forskrifter. Leverandøren detaljprosjekterer eiga leveranse sjølv, men vi har sett rammer og krav som skal oppfyllast for utstyret til anlegget. Alle testane gjekk som forventa og testresultata var innafor krava, men siste testen må vi gjere om igjen i morgon, for den rakk vi ikkje å fullføre.

Tirsdag

Dagen i dag starta med å fullføre siste test frå i går. Deretter gjekk vi vidare i testprogrammet, og alle testane blei fullført som forventa. Det blei ein liten stopp i løpet av dagen pga andre forhold i testhallen. – Vi kunne ikkje halde fram med vår testing då vi ikkje kunne sette på spenning og straum i nærleiken. Då brukte vi tida til å ta mekanisk kontroll av trafoen der vi gjekk gjennom ei førehandsdefinert sjekkliste og visuelt kontrollerte at alt av komponentar, måleutstyr, kablar, koplingar osv. er montert og utført korrekt.

Onsdag

Dagen i dag er meir ein reservedag for eventuelle testar som har vorte forskjøve, oppsummeringsmøte og gjennomgang av oppfølgings punkter.

Det tok litt tid å få organisert aktivitetane for dagen pga. pågåande aktivitetar i fabrikken, tilgang til personell og tilgang til lift, så det blei litt dødtid på starten av dagen. Først kl. 12 fekk vi starte på gjennomgangen av dei digitale systema, og så kontrollen på taket.  Vi fekk ikkje gjort komplett mekanisk kontroll av trafoen i går pga. manglande tilkomst på taket. Gjennomgangen av oppfølgingspunkt, blei derfor litt «fort og gale» på slutten då vi måtte reise til flyplassen. Det blei derfor heller ingen inspeksjon av transformator nr. 4 slik vi hadde planlagt, den tar vi neste fabrikktesting om ca. to veker. Men vi fekk sett dei to første trafoane som er testa tidlegare og var gjort klar for transport.

Torsdag

Heime igjen og tilbake på kontoret i Flekke. I dag har vi jobba med oppfølgingspunkta og komplettere mangel lista som er sendt til leverandøren for korrigering og verifisering.

No skal eg følgje opp dei andre rollene mine i prosjektet som blei sett litt til side mens eg var på reise. Vi helde på med evaluering av tilbod for ny kontrakt på byggetrinn 2 i prosjektet, så dagen starta med eit internt statusmøte. Samtidig er det oppdatering og ferdigstilling av ei anna kontrakt for signering, etter at tilbydar blei tildelt kontrakt på måndag. Før avreise frå Helsinki på måndag jobba eg med å få ferdigstilt og signert eit tildelingsbrev som skulle sendast til tilbydaren den dagen. Det gjekk i orden litt etter eg var komen fram på fabrikken. 

Framtidsutsiktene

Vel heime igjen spør vi Amalie om dette er ein jobb ho ser seg sjølv i framover, og svaret kjem raskt.

– Eg ser absolutt føre meg å vere i denne jobben lenge. Det er også veldig mange muligheiter innad i bedrifta om ein ønska å endre litt retning.

Ho har fleire gangar vurdert å ta master, men no vil ho fokusere på å utvikle seg vidare gjennom jobben. – Her kan ein få diverse kursing og kanskje blir det eit deltidsstudie seinare.

– Eg blir i alle fall verande i Dale. Dette er både min og sambuaren min sin heimstad og vi trivs veldig godt her. Eg har heile familien min her, og stort sett alle barndomsvennane mine er flytta heim igjen så eg har eit stort og kjekt sosialt nettverk. 

Vi veit frå tidlegare besøk i Flekke at denne avdelinga er sentral i prosjekta Norconsult tek på seg, og får ei oppdatering av gruppeleiar Marta Laukeland Kleiven.

– Det skjer mykje i Norconsult avdeling Flekke, og det er ikkje rett fram og henge med på utviklinga, fortel gruppeleder Marta Laukeland Kleiven.

Med offentleggjering av avtalen med Sira Kvina tidligare i år [https://nytta.no/nyheiter/flekke-skal-leie-eit-av-dei-storste-kraftprosjekta-i-landet] så er det endå nye store endringer på trappene.

Nærbilde Norconsult kontor

Amalie lengst til venstre, Johnny Pedersen i midten, Marta Kleiven nr 3 frå høgre.
Foto: Emilie Høyvik Hjartholm

Norconsult blir Metier

Oppkjøpet av Pecom i si tid var utspring frå Norconsult si satsing på prosjektleiing. I 2025 kjøpte Norconsult konsulentselskapet Metier som vidareføring av denne satsinga. Frå og med 2027 skifter dei dermed logo frå Norconsult til Metier. 

– Her får avdelinga vår tilgang på ressursar og kompetanse, samtidig som vi vil tilføre Metier spisskompetanse innan fornybar energi, eit område der Metier i dag har avgrensa nærvær, forklarer Marta.

Marta fortel også at det vanlegvis er ein positiv gjeng som sit i Flekke, men i desse dagar er det ein optimisme som løftar dei endå litt ekstra.

– Vi befinn oss i ein situasjon der den største utfordringa er mangel på ressursar. Det vil vi definere som eit luksusproblem.