Fem nye lærarar til Svelgen skule

Bremanger har sett av ti millionar kroner i året til rekruttering for å hente folk til kommunen. Satsinga har mellom anna redusert i fem nye lærarar i Svelgen.

Dato

Driftssjef ved Svelgen oppvekst, Ingrid Leite Loftheim er godt nøgd med tilskota:

Vi har lukkast veldig med rekrutteringa, så det er særs gledeleg. Dette er ein skikkeleg kjekk gjeng!

Ved skulestart var mange spente ungar etter ein lang sommarferie. For Bremanger sine nesten 40 seksåringar blei det ekstra spesielt då dei hadde sin aller første skuledag.

Men ikkje berre for dei. For det var nok også litt ekstra nervar med i spelet for dei fem nytilsette lærarane som tok i mot elevane sine.

– Vi gler oss til å treffe elevane, det blir veldig spanande, seier Kathrine Standal Dimmen (25) og Karoline Kvalheim Myre (27) då Gode Bremanger snakka med dei nokre dagar før skulestart.

Dei har begge to flytta til Svelgen for å jobbe der. Karoline og Kathrine har eit godt inntrykk av arbeidsplassen og kommunen.

Godt å vere fleire

Å starte i ny jobb på ein heilt ny plass, kan vere skummelt. Men denne gjengen har ein fordel.

– Det er veldig kjekt at vi er fleire nye som er i same situasjon. Det kan vere vanskeleg å kome inn som ny heilt åleine, så det at vi er fleire gjer at vi kan stå litt saman. Ikkje for det, vi skal jo bli kjend med dei andre og bli ein del av kollegiet, men det å ha kvarandre å støtte oss på har vore veldig fint, seier Karoline.

Kathrine stemmer i:

– Vi brukar kvarandre også mykje til spørsmål som «korleis var det med denne innlogginga igjen?» Det er mykje informasjon som ein kan hjelpe kvarandre med å hugse på. Ein av oss hugsar kanskje noko som ein annan hadde gløymt eller omvendt.

Karoline og Kathrine har eit godt inntrykk av arbeidsplassen sin.

Nyutdanna

Kathrine (25) kjem opphavleg frå Ulsteinvik, og har ein master frå lærarhøgskulen i Volda. På Svelgen skule er ho tilsett som faglærar i norsk, samfunnsfag og KRLE.

Karoline (27) kjem frå Kvalheim i Kinn (Måløydelen), og har utdanna seg ved Høgskulen i Bergen. Før ho kom til Svelgen jobba ho som tilkallingsvikar i eitt år, og fekk dermed opparbeidd seg litt praksiserfaring.

Det kom godt med då ho tok på seg jobben som kontaktlærar. Ho skal undervise i norsk, matte, spesialpedagogikk, musikk og kunst og handverk.

Då Gode Bremanger snakka med dei tidlegare i haust, såg dei fram til å setje det dei hadde lært ut i praksis. Litt nervøse var dei likevel. 

– Dei kallar det praksissjokket for ein grunn, ler Karoline, og siktar til overgangen frå studie til arbeidskvardag som ventar nyutdanna lærarar. Det er mykje å ta inn, men også kjekt.

– Kva er det tøffaste med det fyrste året som lærar?

– Eg vil seie arbeidsmengda. Alt av undervisingopplegg må du lage frå grunnen av, om du ikkje har vore flittig i praksisen. Så du har ingenting å bygge på, seier Kathrine.

– Så skal du bygge relasjonar både til dei tilsette og elevane. Og det er mange elevar, legg Karoline til.

F.v Karoline, Ingvild, Preben, Hans-Erik, Kathrine.

– Eg tenkte «kvifor ikkje Bremanger?»

Men kvifor Bremanger, spør vi. Kva er det eigentleg som trekk unge jobbsøkarar til akkurat den kommunen nord i Sunnfjord?

Svaret på det er mangefasettert. På den eine sida, vanskeleg arbeidsmarknad i byane. På den andre sida, dei økonomiske godane ein får gjennom Rekrutteringspakken. Men viktigast av alt, ein god og trygg arbeidsplass.

– Eg var jo i Bergen, og der er det nesten umogleg å få jobb. Å skulle jobbe som tilkallingsvikar i eitt år til, det ville blitt veldig tungt. Bremanger er nært heime, og ikkje minst er det jo godane frå Rekrutteringspakken som hjelper på. Det var difor eg søkte, men på jobbintervjuet følte eg at det virka som ein veldig fin plass å jobbe, fortel Karoline.

Kathrine sat også igjen med ei god oppleving frå jobbintervjuet:

Intervjuet med Bremanger kommune var det beste. Vi vart møtt med ei veldig positiv innstilling. Eg fekk berre veldig ei kjensle av «kvifor ikkje Bremanger?»

Det å kjenne seg velkomen og ivareteke på arbeidsplassen har vore spesielt viktig. Dei har fått tildelt ein mentor, som skapar tryggleik og føreseielegheit.

– Vi opplever at alle hjelper til, og at vi blir møtt med eit smil uansett. Folk er veldig glade for at vi er her, så det er veldig kjekt!